IMG_9759.JPG
Symbol_hvit_sirkel.png
 

SENTRALE UTSIKTSTOMTER PÅ HOVDEN

 

Plassenuten er ei utviding av Djupetjønn Hyttegrend som opnar for fleire nye utsiktstomter.

KLIKK PÅ “TOMTEOVERSIKT” I MENYEN FOR Å SJÅ KVA TOMTER SOM FRAMLEIS ER LEDIGE.

Djupetjønn Hyttegrend er eit eldre, triveleg hyttefelt vest for Hovden sentrum. Dei nye tomtene ligg over dei eksisterande hyttene med flott utsikt mot nord-aust/ aust/ sør, og gode solforhold frå tidleg morgon til ettermiddag. Frå Plassenuten er det kort veg til langrennsløyper, alpinsenter, butikkar, restaurantar og badeland.

Infrastruktur med veg, vatn, avløp, straum og breiband er ferdig.

Reguleringsplanen gjev moglegheit for romslige hytter med stor grad av valfridom for utforming. For dei som ønskjer ferdig hytte presenterer me i samarbeid med Berge Sag fleire ulike hyttemodellar som er tilpassa tomtene i feltet.

Foto under: Setesdal - Noreg tett på, fotograf Anders Martinsen

 

KONTAKT

GRUNNEIGARREPR.:

Ingvild Hovden
post@plassenuten.no
Tel: 959 79 856

 

KROGSVEEN:

Tommy Vatslid
tommy.vatslid@krogsveen.no
Tel: 415 05 123

Symbol_sort_sirkel_liten.png

tomteoversikt

Ringvegen som gir adkomst til dei nye tomtene har innkøyring ved avfallsbuene heilt sør i feltet. Vegen er per no ikkje brøyta om vinteren.

Alle tomtene har vatn, avløp og fiber klart i tomtegrense. Nokre tomter må ha eigne avløpspumper, og desse er derfor prisa lågare.

6 byggjeklare utsiktstomter

Tomt 150 - 151 - 179 - 172 - 173 - 174.

Plassenuten 30 - 28 - 26 - 24 - 22 - 20.

Desse tomtene er ferdig grovplanerte, og det er sett opp gjerde for å sikre skråning. Tomtene har flott panoramautsikt og morgonsol. Det er kort avstand til langrennsløyper, alpinsenter, sentrum, turløyper og sherpatrappene til Hovdenuten.

Tomtene er tilpassa fritidsbustader i 2 etasjar, med inngong frå vegen i 2. etasje. Til dømes vil hyttemodellen “Plassenuten” frå Berge Sag passe på desse tomtene.

Tomtene ligg på nedsida/ austsida av vegen. Terrenget er brattare enn det går fram av illustrasjon, og tomtene er tilpassa inngong frå vegen i 2. etasje. Dei første hyttemodellane er “Plassenuten” og dei lenger vekke er “Hartevassnibba”.

Tomtene har flott panoramautsikt over Hovden og Hartevassnutane.

4 tomter i triveleg terreng

Tomt 157 - 159 - 160 - 161.

Plassenuten 51 - 53 - 55 - 57.

Desse tomtene ligg triveleg til, med eigen veg og terreng som er greitt å opparbeide. Det er kort avstand til langrennsløyper, alpinsenter, sentrum, turløyper og sherpatrappene til Hovdenuten.

På tomt 157 vil det passe godt med til dømes hyttemodellen “Plassenuten” frå Berge Sag, medan dei andre tomtene er tilpassa til dømes modellane Grid Pluss, Andrimne eller Sindre.

Desse tomtene må ha eigne avløpstomter som kjøpar sjølv står for, og er derfor prisa lågare enn øvrige tomter.

Oversikt alle tomter til sals:

Tomtene som er markert raude er seld.

IMG_6278.jpg
 
Symbol_hvit_sirkel_liten.png
 

REGULERINGSPLAN

Reguleringsplanen for Djupetjønn Hyttegrend blei endeleg vedteke 26.4.2018, og stadfesta av Fylkesmannen i april 2019.

I februar 2022 blei det vedteke godkjenning av ei mindre reguleringsendring.

Under er lenker for nedlasting av reguleringsplanen. Føresegnene og kart (eiga fil) er oppdatert februar 2022.

 
Symbol_sort_sirkel_liten.png

erfarne fjellfolk

i ukjent terreng

Me er 5 søsken og grunneigarar som står bak tomteprosjektet Plassenuten. Som namna våre avslører har me tette band til Hovden, og alle er busett i kommunen. Friluftsliv og fjelliv har alltid vore viktig for oss, og me meiner me kan kalle oss erfarne fjellfolk. Innan eigedomsutvikling har me kortare fartstid, men med god hjelp meiner me at me har fått til noko bra med Plassenuten. Med dette tomteprosjektet håpar me fleire skal få oppfylt draumen om hytte på Hovden, og kan glede seg over naturen og moglegheitene her - slik me gjer :).

Under er me litt nostalgiske, og deler nokre bilder frå “gamle dagar” på Hovden. Om du klikkar deg vidare til “Turtips” får du fleire tips. Hovden har noko for alle, enten du vil ha trikkeskinner eller lage dine eigne spor i urørt snø.

Med helsing

Agnes Fosse Hovden, Ingvild Hovden, Kari Hovden Hoslemo, Unn Hovden og Dag Hovden

 hyttemodellar

Berge Sag har utvikla fleire hyttemodellar tilpassa tomtene ved Plassenuten. Klikk deg vidare i boksen under for meir informasjon om dei ulike modellane.

Det er valfritt kva hytte tomtekjøparar vil byggje, men me presenterer altså nokre alternativ frå Berge Sag.


MØBELPAKKER FRÅ GRINDBERG

Grindberg Trevarefabrikk held til i Fyresdal, og har produsert møblar sidan 1930. Dei leverer skreddarsydde løysingar for kjøkken, soverom, bad og garderobe.

I tillegg til møbelproduksjonen har Grindberg eigne møbel- og interiørbutikkar på Hovden og i Kristiansand. Ingunn Vik Launes har lang erfaring som interiørkonsulent, og deler gjerne tips om korleis ein kan kombinere det tradisjonelle frå Setesdal med moderne interiør på hyttene.

For Plassenuten har Grindberg laga forslag til møbelpakker tilpassa dei enkelte hyttemodellane frå Berge Sag. I pakkene inngår Grindberg sine skreddarsydde senger, garderobar og baderomsinnreiing - i tillegg til møblar for alle rom. Ferdig montert og levert! I tillegg hjelper dei gjerne til med gardiner, puter og anna interiør.

DEI 10 FØRSTE SOM KJØPER TOMT FÅR 15 % RABATT VED KJØP AV MØBELPAKKE FRÅ GRINDBERG :)